Steinparken
Steinparken er eitt av besøksmåla til Folgefonna Nasjonalpark, og ligg idyllisk til i skogen like ved Melselva berre eit steinkast unna Rosendal sentrum.
Medan du vandrar på stiane kan du sjå på dei mange ulike steintypane som finst i områda som høyrer til Folgefonna Nasjonalpark.
Steinparken er planlagd og utvikla av Rosendalstiftinga i samarbeid med geologar ved universiteta i Bergen og Oslo, og Fossheim steinsenter.
Vakre kunstverk
Dei mange steintypane finst i ei rekke formar og fasongar i Steinparken. Skulptør Bård Breivik og steinhoggar Rolf Carlsen har utforma dei tallrike kunstverka som du finn på området. Det finst òg informasjonstavler fleire stader som fortel om innhaldet i parken.
Ei reise gjennom tida
Jorda si 4 600 millionar lange historie er full av dramatikk og fantastiske hendingar, heilt frå starten og til menneskets korte historie. Steinparken ønskjer å formidla nokre smakebitar av den geologiske og biologiske utviklinga gjennom dei lange geologiske tidsbolkane i planeten vår si historie.
Dette gjer dei gjennom Tidsaksen - ein lang steinvegg der dei ulike hendingane på jorda er plotta inn. Den er med på å skapa litt system i ei kaotisk, ukjent og uoversikteleg historie.
Vanggssago
Like ved Steinparken finn du òg den restaurerte Vanggsago, der du kan få sjå eit ekte vasshjul i drift med demonstrasjon av oppgangsag og sirkelsag.
Saga er open einskilde dagar i sesong.