top of page

Folgefonnsenteret

Ved sjøkanten i Rosendal ligg Folgefonnsenteret som vart opna i 2017. Her ventar ei heil verd av opplevingar, som alle tek for seg fjorden, fjella og Folgefonna - isbreen som kjenneteiknar regionen. 

​

Spennande utstillingar

Når du har løyst billett og kome innanfor senteret er det ei lang rekke interaktive utstillingar som ventar deg. Fyrst startar ferda under vatn, før du vert teken med vidare opp på overflata og like opp til isbreen. På Folgefonnsenteret kan du mellom anna læra om bygdene rundt Folgefonna, og korleis klimaet og landskapet har påverka dei som har hatt bustad og livsgrunnlag her i generasjonar.

​

Fantastiske filmar

Du kan òg sjå ein storslagen panoramafilm frå isbreen, som tek deg med på ei reise rundt isbreen frå sola står opp til den går ned att. Den moderne kinosalen har heile fire filmar som går dagen igjennom. Filmen "Drama i Berg" tek for seg geologien i nasjonalparkområdet, medan "Fjordens Liv" fortel om livet i Hardangerfjorden. Folgefonna Nasjonalpark og områda rundt har store hjortestammer, noko du kan læra meir om i "Der Kronhjorten Brølar". "Av vatn er du komen" tek deg med på ei reise i det vestnorske landskapet og i vatnet sitt krinslaup.

​

Lær om den maritime historia

Inkludert i billetten er inngang til skipsbyggarmuseet Skaalurensamlinga. Der får du oppleva den rike historia til trebåtbygginga i Rosendalsområdet, som hadde si storheitstid frå 1850 til 1950. Du kan òg få med deg meir informasjon om dei maritime næringane som finst i området i dag.
 

Turistinformasjon

Kvinnherad Turistinformasjon held til i resepsjonen til Folgefonnsenteret. Dei hjelper deg gjerne med å finna ut og planleggja aktivitetar eller gje deg tips til kva du burde oppleva. Dersom du lurer på kva fjellturar som er å anbefala, får du nyttige tips her. Dei har òg utfyllande kjennskap til arrangement i kommunen.

​

Folgefonnsenteret
Skålafjæro 17

5470 Rosendal

T: +47 53 48 42 80

E: post@folgefonnsenteret.no

bottom of page