top of page

Fjellturar i Rosendal

Utsikt frå Skarshaug på veg til Melderskin

Dersom du er glad i fjell er du komen til rette staden! Berre eit steinkast og to unna Folgefonn Feriegard ventar ei rekke fjellturar, med ulike vanskegrader. Om du vil ta ein lettare tur til fjells for å nyta den friske lufta eller gje deg i kast med mange hundre høgdemeter, har Rosendal det du treng. 

​

Hugs alltid på fjellvettreglane når du ferdast i fjella - uansett kva tur du vel!

​

Melderskin

Fjellet som vert kalla "Dronninga blant Hordalandsfjella", ruvar heile 1426 m.o.h og byr på ei eventyrleg utsikt. Turen tek om lag 6 timar tur/retur og har ei stigning på 1269 meter frå startpunktet, som er parkeringsplassen på Kletta. For å koma dit, fylgjer du skiltinga mot Melderskin frå Rosendal sentrum. Frå parkeringsplassen fylgjer du grusvegen eit lite stykke, før du tek til høgre opp i skråninga. Herfrå går det bratt oppover dei flotte sherpa-trappene til du kjem til Skardshaug, der utsikta mot fjorden og Rosendal er på sitt finaste. Vidare går turen slakkare oppover, for det meste i steinur, til Holo - flata før toppen. Derfrå må du opp ein bratt siste bakke før du når topp-platået og kan vandra inn til varden. Utsikta til Folgefonna og Rosendalsalpane er uslåeleg. 

Lengde: 10 km
Tid: 6t tur/retur

Stigning: 1269 m

Høgste punkt: 1426 m

Vanskegrad: Svart (noko krevande) 

Ta med mat, drikke og eit klesskift til toppen. 

Malmangernuten

Malmangernuten

Sjølv om Melderskin tronar i bakgrunnen over bygda, er det Malmangernuten (lokalt kjent som "Nuten") som verkeleg ruvar over bygda. Dette er ein middels krevande tur som tek om lag 4 timar tur/retur. Starten går frå Rosendal Fjordhotel og etter å ha fylgt traktorstien eit stykke går turen inn i granskogen. Herfrå går det bratt oppover det fyrste stykket mot Høyklepp og Hjort. Frå Hjort går det noko slakkare, på ferda inn mot varden. Frå toppen nyt du ei strålande utsikt til både Rosendal, Hardangerfjorden og fjellheimen som omkransar bygda. Du får faktisk i både pose og tursekk!


Tid: 3-4t tur/retur

Stigning: 890 m

Høgste punkt: 890 m.o.h.

Vanskegrad: Raud (middels krevande) 

Ta med mat, drikke og ekstra kle til turen. 

​

IMG_1889.JPG

Skålafjell (Navarhaug)

Dersom du berre vil ha ein liten triveleg tur til fjells er Skålafjell, som eigentleg heiter Navarhaug, eit ypperleg mål. Starten går ved vegbommen på Bjørke. For å koma deg dit køyrer du til Kvinnherad kyrkje og fortset vidare oppover. Frå parkeringsplassen går det grusveg i om lag 1,5 km før vegen flatar ut ved Åsvodl. Herfrå går du over på traktorveg og til slutt på godt merka sti. Oppover er det nokre stader der det kan vera glatt om det har regna. Frå toppen får du nydeleg utsikt over fjorden innover mot Varaldsøy og Mauranger, samt utover mot bygdene kring Rosendal. 

​

Tid: 2t tur/retur

Høgste punkt: 501 m.o.h

Vanskegrad: Blå (lett) 

Ta med noko mat og drikke til turen. Om det ikkje er ledig parkering på Bjørke er næraste parkering ved Kvinnherad kyrkje.

​

Skjethaug

Trass i det noko mindre tiltrekkande namnet er Skjethaug eit svært populært turmål for både lokale og tilreisande. Turen startar ved Kvinnherad kyrkje, der det er godt med parkeringsplassar. Fyrste delen går på asfalt og grusveg, før du kan vandra vidare oppover på traktorveg. På toppen er det sett opp ei nydeleg hytte med benker og fantastisk utsikt. Dette er eit perfekt punkt å innta ein liten matbit og kaffitår medan du kan nyte utsikta over Rosendal og bygdene rundt. 
 

Tid: 1,5t tur/retur

Høgste punkt: 290 m.o.h

Vanskegrad: Blå (lett)

Ta med noko mat og drikke til turen. Frå Skjethaug kan du gå vidare til Skålafjell, som tek om lag 1-1,5t. 

bottom of page