top of page

Baronibygda Rosendal

Daglegvarer​

​

Utan mat og drikke duger den ferierande ikkje! Heldigvis har Rosendal to matbutikkar som begge ligg i gangavstand frå Folgefonn Feriegard. Du kan ta turen til Eurospar Rosendal, der det òg er Post-i-Butikk, eller Coop Prix Rosendal, som ligg like ved den idylliske båthamna. 

Dersom du skulle trenga meir, ligg handelsstaden Husnes med sine mange butikkar og Vinmonopolet ein halv times køyretur unna.

 

Eurospar Rosendal

Skålagato

Tel: 53 48 25 50

ePost: eurospar.rosendal@spar.no

Avstand: omlag 800 meter

 

Coop Prix Rosendal

Tel: 53 48 42 20

ePost: rosendal.prix@coop.no

Avstand: omlag 1100 meter

 

Trim og idrett

​

Rosendal Putballpark:

Fotball møter golf i Rosendal Putballpark.  Dette er ein morosam aktivitet som passar for alle - uansett alder. Her skal du sparka ballen gjennom ein bane full av hindringar og utfordringar. 

 

Rosendal Stadion:

For dei som kjenner at dei helst skulle ha sprunge ein runde på friidrettsbanen eller vil sparka litt ball, kan du gjera begge deler på Rosendal Stadion. Den ligg like ved Folgefonn Feriegard. Her er både ein kunstgrasbane og grasbane for fotballentusiasten. Rundt grasbanen er det òg løpebaner. I Rosendal Samfunnshus er det treningsstudio drive av Rosendal Turnlag.

​

​

​Butikkar og kafear

 

​Om du vil slå av ein prat med kjente over ein kopp kaffi eller treng utstyr til din neste fjelltur, kan du gjera begge deler i Rosendal sentrum. Skålagato, gata som går gjennom Rosendal, har ei rekkje butikkar. Her er sportsbutikk, bokhandel, kaféar, skobutikk, klebutikkar, gullsmed, elektrisk butikk, malings- og interiørbutikk og frisørar. 

shutterstock_133259828.jpg
shutterstock_517663504.jpg
shutterstock_230673061.jpg
bottom of page