top of page

Galleri G. Guddal

Berre fem kilometer frå Rosendal sentrum finn du Galleri G. Guddal - eit heilt unikt galleri. I det som er ein ombygd løa trer du inn i kunstens verden, nøye kuratert av gallerist Gøril Guddal. 
Galleriet sine opningstider finn du på nettsida deira.

​

Innafor dørene ventar eit topp moderne kunstgalleri i det historiske Guddalstunet, som sidan 1993 har hatt utstillingar av mange kjende kunstnarar.  Opp gjennom åra har det vore ei rekke store kunstnarnamn som har vore utstilt her, mellom anna H.M. Dronning Sonja, Magne Furuholmen, Kjell Nupen, Eva Harr og Håkon Gullvåg  - for å nemna eit lite knippe. Varierande utstillingar året gjennom betyr at du alltid vil kunna oppleva noko nytt for omtrent kvart eit besøk. 


Nytt i 2014

Galleriet vart nybygd i 2014 og det er no eit svært spennande bygg som ventar. Den gamle løa husa tidlegare dyr og utstyr, men byr no på fleire utstillingsrom og ei enorm takhøgda. I tillegg til eit større utstillingslokale i form av hovudrommet finst det òg mindre rom i bygget, som byr på ei intim kjensle og møte med kunsten. 

​

​

Butikk & kafé i unike omgivnader

Etter at du har sett på utstillingane kan du kjøpa lekkert norsk kunsthandverk i galleributikken.

Her finn du arbeid frå om lag 70 ulike kunstnarar.

Eller du kan ta ein pust i bakken i gallerikafeen, der du kan nyta lokal mat i ein triveleg og heimekoseleg atmosfære.
Både kafeen og butikken er open samstundes som galleriet. Sjå nettsida for oppdaterte opningstider.

​

​

Galleri G. Guddal

Guddalsvegen 181
5472 Seimsfoss

T: +47 957 86 322
E: info@galleriguddal.no

​

bottom of page