Raualøo selskapslokale
Skal du arrangera barnedåp, bursdag, konfirmasjon, eit møte eller konferanse i Rosendal?
Då er Raualøo eit godt val! Den ombygde løa er tilrettelagt for rullestolbrukarar, gjev god plass til både slekt og vener. Alle kan samlast i eit lokale som byr på mykje lys frå store vindaugo og har ein sjarmerande atmosfære.
​
Bryllaup, konfirmasjon og dåp
Du kan sjølv arrangera og setja opp borda slik du vil, og det er plass til 40-50 personar i salen. Etasjen over har ei sittegruppa, perfekt for å samlast før og etter sjølve middagen.
Raualøo er midt i blinken for konfirmanten til å snika seg unna med vener eller for dei som vil samlast til ein prat under bryllaupsfesten.
​
Kurs og konferanse
Dersom du treng eit lokale til kurs eller konferanse i Rosendal så er Raualøo veleigna. Her finn du både projektor og lerret samt gratis WiFi. Om du har gjester som kjem langvegsfrå er det enkelt å koma seg til løa. Det er både busstopp og hurtigbåtterminal med samband til Bergen i gangavstand til lokalet. Ved løa finn du òg parkeringsplassar.
​
Fullt utstyrt kjøken
Dersom de ønskjer det kan de enkelt laga maten dykkar sjølve. Kjøkenet har alt de treng til å laga mat og servera svoltne gjester.
​
Kontakt oss gjerne for å høyra meir om lokalet eller for å bestilla. Sjå biletgalleriet under for inntrykk frå Raualøo. Velkomen!
Selskapslokale
​
Raualøo høver for inntil 50 gjester. Her kan du feira alt frå dåp og konfirmasjon til bryllaup.
Sentral plassering
​
I gangavstand finn du Rosendal sentrum, med busstopp og hurtigbåt med korrespondanse til Bergen.
Kurs & konferanse
​
Dersom du skal arrangera eit møte, kurs eller konferanse finn du både projektor og lerret i løa.
WiFi​
​
Gratis WiFi er tilgjengeleg i heile løa, anten du vil halda kontakt med vener og kjente eller treng å halda deg oppdatert på jobb.
Kjøken
Raualøo har eit eige kjøken som du disponerer. Det har alt du treng til å laga mat og servera gjestene. Steameren gjer at oppvasken går raskt.