top of page

Baroniet Rosendal

Landets einaste slott utanfor Oslo

 

Velkommen til Baroniet Rosendal, eit eineståande slott i utruleg omgivnadar. Her kan du vandra gjennom historien og ulike stilepokar innandørs. Romma er forma av dei ulike eigarane gjennom 250 år og frramleis står det som ein heim - slik dei siste eigarane forlet det i 1927. Utandørs ventar den velkjente rosehagen og eit parkanlegg som manglar sidestykke her til lands. Parken skapar ei utruleg ramme til slottet saman med dei majestetiske fjella som omkransar Rosendal. Anten du er oppteken av historie, kunst eller går med ein liten hagefantast i magen er dette staden for deg.

​

Ei skattekiste av musikalske opplevingar

Men det er ikkje berre det historiske og vakre som ventar deg på Baroniet Rosendal. Sommarsesongen byr på ei rekke kulturopplevingar som perler på ei snor. Her er det nye konsertar kvar veke. Bjørn Eidsvåg, Maria Mena, Thomas Dybdahl og Susanne Sundfør har alle opptredd på Baroniet - saman med mange andre. Den musikkinteresserte finn ei skattekiste for opplevingar på Baroniet Rosendal.

 

Forutan Borggarden vert òg dei mange salane nytta som konsertlokaler.  I 2016 stod den nye Riddarsalen klar. Den gamle løa er omgjort til ein topp moderne konsertarena, som byr på eineståande klang og akustikk samt den same intime atmosfæra som resten av Baroniet Rosendal. Riddersalen er heimearena for Rosendal Kammermusikkfestival. Feistvalen som er etablert av Leif Ove Andsnes, samlar årleg kremen av kammermusikk til festival. 

​

Eit eldorado for den historieinteresserte

Baroniet Rosendal vart bygd av Karen Mowat og Ludvig Rosenkrantz og stod ferdig i 1665. Sidan då har mang ein stilperiode både kome og gått. Det unike er likevel at Baroniet Rosendal husar ei rekke rom som er heilt unike. Statthaldarkammeret er Noreg sitt einaste fullstendig bevarte rom frå 1600-talet. Veggane er pryda med tekstiltapet, som er den einaste i sitt slag som enno heng oppe på veggen. 

​

Vandrar ein vidare til spisesalen den Blå Sal, kan du nyte noko av det eldste Meissen og Kongeleg Dansk stråmønsterporselen som finst i landet. Den Raude Sal gjev deg eit møte med den vakre og storslagne norske naturen, fanga av nokre av dei fremste norske målarane frå nasjonalromantikken. Her heng måleri av J. C. Dahl, H. F. Gude, M. Møller, A. Askevold og fleire. Eit portrett av ei kvinne måla av Edvard Munch frå 1880-åra prydar også veggane her.

​

Den Gule Sal er innreia med noko av det mest verdifulle empire-møblementet i landet, laga av Abraham Bøe kring 1820. Felles for dei ulike romma er at dei er som eit glimt inn i ei svunnen tid. 

​

Lokal, kortreist og velsmakande mat

Utan skikkeleg mat og drikke skal det godt gjerast å verkeleg nyta dei historiske omgjevnadane skikkeleg. Eit kvart slott med respekt for seg sjølv har naturleg nok ein skikkeleg kjøkenhage, og Baroniet Rosendal har faktisk ein av Nord-Europas største. Her dyrkar dei eigen salat, ulike kryddertypar og anna knask som fort finn vegen til maten dei serverer i Hagecafeen. Kvifor ikkje avslutte besøket med ein skikkeleg smak av Baroniet Rosendal?


Baroniet Rosendal

5470 Rosendal

T: +47 53 48 29 99

E: info@baroniet.no 

bottom of page