|
|
|
Velkomen til Rosendal og Folgefonn FerieGard
|

|
Du finn oss på austsida av Hardangerfjorden i Kvinnherad kommune. I baroniebygda Rosendal, mellom fjord og fonn. Her på dørstokken til Folgefonna Nasjonalpark, omkransa av dei sørlegaste alpine fjellformasjonane i landet, har vi gleda av å tilby:
• Feriehus med god standard ved sjøen • Overnatting i siloen, vår spesielle brudesuite • Kurs- og konferanser • Tradisjonsrike matopplevingar • Spesielle aktivitetsopplegg • Villmarksturar • Gardsopplevingar i form av saueettersyn i fjellet • Sal av miljøkjøt
Kor vi snur oss, er det berre eit steg ut i eventyret, eit eventyr vi gjerne deler med deg. Med dette ynskjer vi deg hjarteleg velkomen!
Om du ikkje køyrer sjølv, anbefaler vi Hardangerfjord Ekspressen direkte frå Bergen, via Flesland og Os, til Rosendal på det varmaste. Du vil få ei naturoppleving for livet! Sjå Hardangerfjord Ekspressen
Helsing Marian Thunold og Jostein Hatteberg vertskap
|
|


|
|
|